Tildelinga av frakt-, prosjekt- og utstyrstønad for andre halvår 2016 er no klar. Av totalt 136 søknader mottek 103 stønad.
Til saman har kunstforeiningane søkt om heile 2 017 343 kroner i stønad. Norske Kunstforeninger har totalt ein million kroner til utdeling i 2016, og i andre runde vart 462 700 kroner delt ut.
Av dette går 182 000 kroner til 29 prosjektsøknader, 204 700 kroner i fraktstønad til 69 utstillingar og 76 000 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 6 kunstforeiningar.
Av dette går 182 000 kroner til 29 prosjektsøknader, 204 700 kroner i fraktstønad til 69 utstillingar og 76 000 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 6 kunstforeiningar.
Frakt-, prosjekt- og utstyrstønad vert tildelt etter faglege vurderingar og kor viktig prosjektet er for kunstforeininga. Fraktstønaden vert ganske demokratisk fordelt på dei som oppfyller søknadskriteria. Kvaliteten på søknadene om prosjektstønad har gått merkbart opp det siste året. Fordi potten til prosjekt ikkje er så stor, fører dette dessverre til at enkelte gode prosjekt får avslag, fordi midlane rett og slett ikkje strekk til.
I løyvingane tek vi omsyn til tildelt stønad dei siste søknadsrundane, og tildelingar av annan stønad i denne runden. Tilskota skal dessutan sikre ei viss geografisk spreiing og ein balanse mellom større og mindre kunstforeiningar. Årsak til avslag kan vere at søknadene ikkje oppfyller kravet om at alle kunstnarane må vere profesjonelle, at søknaden kjem for seint, eller at påkravd dokumentasjon ikkje er lagt ved.
Oversikt over tildelt stønad 2. søknadsrunde for 2016
Neste søknadsfrist er 1. november 2016, og gjeld utstillingar, tiltak og arrangement som skal gjennomførast i perioden januar–juni 2017. På nettsidene finn de informasjon om stønadskriteria og krav til søknadene.
LES MEIR: Søk stønad
Praktisk informasjon til søkjarar
Vi prøver å få sendt ut vedtaksbreva i løpet av juni, men på grunn av ferieavvikling kan det vere at enkelte ikkje vil motta brev før i august. Krav om utbetaling av stønad skal sendast Norske Kunstforeninger innan to månader etter at prosjektet/utstillinga er gjennomført.
LES OGSÅ: Informasjon om utbetaling av stønad
Dersom de har motteke stønad frå Norske Kunstforeninger skal dette synleggjerast i informasjonsmateriell (plakatar, brosjyrar etc.). Logoen til Norske Kunstforeninger kan lastast ned frå nettsidene våre. Hugs også å dokumentere utstillinga/prosjektet/oppussinga; tre digitale foto skal sendast inn saman med kravet om utbetaling av stønad.
LAST NED: Logoen til Norske Kunstforeninger